Karoline Taraldsøy

Karoline TaraldsøyRepertoar som trubadur består hovedsakleg av country, norsk, og god, gammal 80-tals musikk. Her kan nevnes bl.a.  Willie Nelson, Alan Jackson, Garth Brooks, Creedence,  Tanya Tucker, Dolly Parton, Vassendgutane, Hellbillies, Bjørn Eidsvåg, Matti Røssland, Leif og kompisene m.m.

Eg gjer også oppdrag der eg i hovudsak presenterer eigne låtar.

Musikken har alltid vore ein stor del av meg, og etter mange års hardt arbeid gav eg ut mitt første soloalbum 1. juni 2013. Tekstane er nære og direkte, der hovedbudskapet er indre følelsar.

Mitt ønske er at eg har skapt eit album som kan gje deg glede og trøyst, og at du sit igjen med ein god følelse når du har lytta til mine songar.

Desember 2014 deltok eg på juleplata “Juletonar” saman med andre lokale artister i regi av ABC Studio AS og Grannar, samt sponsorar frå det lokale næringslivet i Etne og Vindafjord.

Eg arbeider heile tida med nye låtar. For tida skriv eg på engelsk, og sjangeren vippar nok over i countryen, sjølv om det ikkje blir ein rein sjanger. Budskapet i tekstane vil fremdeles vere viktig for meg. Mitt ønske om å skrive om ting som betyr noko, er det som driv meg i komponeringa.

For booking kontakt Telemark Musikkbyrå telf. 93 09 57 70 eller e-post: kai.henning@live.no

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

code